
Thursday, January 17, 2008
Pus vender heim
Igår såg vi ei annonse i avisa, der ei snill matmor lurte på om nokon sakna ein kattunge.. Beskrivelsen var veldig kjent, og idag er pus heime igjen etter to veker på loffen..:) 

Monday, January 14, 2008
Prosjekt Drenering
Det er ikkje så kjekt med pøsregn når vi har grøfter rundt heile huset, men det er ikkje så lenge igjen no. På grunn av litt fuktig kjellar, valgte vi å drenere rundt huset. Er snart ferdig med å legge rør rundt heile huset mot dreneringskummen. Har også lagt nye vassrør, sida vi var under jorda likevel. Må støype ny kjellartrapp, så kan vi få gravd igjen rundt heile huset. Vi har også slått vekk trappa ved inngangspartiet, så det vert litt klatring for å komme inn der framover.
Har vore dårleg med oppdatering her i det siste, men "intet nytt er godt nytt", er det ikkje slik?:)

Har vore dårleg med oppdatering her i det siste, men "intet nytt er godt nytt", er det ikkje slik?:)


Subscribe to:
Posts (Atom)