Saturday, December 20, 2008

Kjøkkenet vårt

Idag har eg framkalla bilder frå eit år tilbake, og fann ut at kanskje eg kunne oppdatere bloggen med nokon av dei.. På desse bilda er kjøkkenet fortsatt noko uferdig, men det gir eit inntrykk av korleis det er som ferdig. Vi blei veldig fornøgd, og no foregår julebaksten i nytt kjøkken med stor benkeplass- digg!Overskapa står som dei står, berre at vi har bytta plass på alle fordi vi har flytta oppvaskmaskin osv, og ville at overskap skulle ha same bredde som underskap. Har satt inn sjalusiskap i hjørnet som vi har mikrobølgeovn, kaffitraktar og anna elektrisk benkefyll i. Veldig fornøgd med å få rydda vekk ting og tang fra benken. Bekeplata, vasken og blandebatteriet har vi også bytta ut. Ovnen din fungerer fortsatt, Torill!:)

Steffen skaut ein hare på jakt for litt sida, så da innvia vi kjøkkenet med haremiddag. Inviterte mamma og pappa fordi dei har hjelpt oss sånn med kjøkkenet. Mamma er malemester og pappa er alt anna mester. Middagen smakte overraskandes godt!:)

Kanskje litt kjedelige bilder, men har fått etterspørsel etter kjøkkenbilder på bloggen, så håper dei gir litt inntrykk. Ellers får de berre komme å sjå det live!:)
I år skal vi feire jul på Lid, der alle blir heime. Det blir kjekt! Har heldigvis nokre dagar fri rundt romjula, slik at vi kan slappe av og kose oss der! God jul til alle sammen!


Thursday, August 14, 2008

Padletur i Lofoten

Midnattsol
Padla inn Trollfjorden, der kom hurtigruta også inn..., og snudde. Berre så vidt det gikk.
Havørn på øya. Såg mange av den sorten:)
Frokost, før en ny dag med padling.
Guttane diska opp middag i teltet.
Overnatta på ei øy ut mot havet. Litt truandes vær??
En ekte lofottorsk jeg er, for jeg er født i Henningsvær.. og det er her..
Utsikt fra Henningsvær

Wednesday, June 18, 2008

Tilbygg og grønt gras

No e det evigheter sida det e lagt ut bilder her. Og trur den bloggen her synge på siste verset.. Men til ære for Torill legge ej no ut bilde av graset som gror. Kjempegreier!:) Tilbygget he vi også begynt å bygge, så det blir sommarens prosjekt!

Tuesday, March 18, 2008

Tur på Koppefjellet

På laurdag hadde påskesola virkelig funne veien til Koppefjellet, så da måtte vi sjølvsagt dit! Ben Reddik Fy Fasan hang seg på oss...
Odd Sverre, Helga og Halldis i farta... og det det måtte medbringe...



Tuesday, February 12, 2008

Vakkert...

Utsikt mot Sykkylven frå Auseskjæret.

Thursday, January 17, 2008

Pus vender heim

Igår såg vi ei annonse i avisa, der ei snill matmor lurte på om nokon sakna ein kattunge.. Beskrivelsen var veldig kjent, og idag er pus heime igjen etter to veker på loffen..:)

Monday, January 14, 2008

Jula-07

Jula feira vi på Østlandet. Her spela en ivrig morfar kurong med Stine Elise og Emma.



Prosjekt Drenering

Det er ikkje så kjekt med pøsregn når vi har grøfter rundt heile huset, men det er ikkje så lenge igjen no. På grunn av litt fuktig kjellar, valgte vi å drenere rundt huset. Er snart ferdig med å legge rør rundt heile huset mot dreneringskummen. Har også lagt nye vassrør, sida vi var under jorda likevel. Må støype ny kjellartrapp, så kan vi få gravd igjen rundt heile huset. Vi har også slått vekk trappa ved inngangspartiet, så det vert litt klatring for å komme inn der framover.

Har vore dårleg med oppdatering her i det siste, men "intet nytt er godt nytt", er det ikkje slik?:)