
Monday, May 4, 2009
Monday, March 16, 2009
En liten gutt...
Må legge ut litt bilder av den lille klompen vi har fått i hus. Han tok oss på senga då han bestemte seg for å kome litt før tida, men med god hjelp av ei erfaren mormor så begynne vi no å få kontroll over situasjonen:)
Håvard født 27. feb.
Må berre legge ut bilde av denne fantastiske bleiekaka han fikk av Ingunn, Johannes, Mari og Halvor. Ei meir kreativ barselgåve trur eg ein skal leite lenge etter. Heldivis er det bleiestørrelse nr 2, så vi kan utsette litt å sprette kaka...
Bleieskiftarbeidarane...


Bleieskiftarbeidarane...
Saturday, December 20, 2008
Kjøkkenet vårt
Idag har eg framkalla bilder frå eit år tilbake, og fann ut at kanskje eg kunne oppdatere bloggen med nokon av dei.. På desse bilda er kjøkkenet fortsatt noko uferdig, men det gir eit inntrykk av korleis det er som ferdig. Vi blei veldig fornøgd, og no foregår julebaksten i nytt kjøkken med stor benkeplass- digg!
Overskapa står som dei står, berre at vi har bytta plass på alle fordi vi har flytta oppvaskmaskin osv, og ville at overskap skulle ha same bredde som underskap. Har satt inn sjalusiskap i hjørnet som vi har mikrobølgeovn, kaffitraktar og anna elektrisk benkefyll i. Veldig fornøgd med å få rydda vekk ting og tang fra benken. Bekeplata, vasken og blandebatteriet har vi også bytta ut. Ovnen din fungerer fortsatt, Torill!:)
Steffen skaut ein hare på jakt for litt sida, så da innvia vi kjøkkenet med haremiddag. Inviterte mamma og pappa fordi dei har hjelpt oss sånn med kjøkkenet. Mamma er malemester og pappa er alt anna mester. Middagen smakte overraskandes godt!:)
Kanskje litt kjedelige bilder, men har fått etterspørsel etter kjøkkenbilder på bloggen, så håper dei gir litt inntrykk. Ellers får de berre komme å sjå det live!:)
I år skal vi feire jul på Lid, der alle blir heime. Det blir kjekt! Har heldigvis nokre dagar fri rundt romjula, slik at vi kan slappe av og kose oss der! God jul til alle sammen!
Thursday, August 14, 2008
Padletur i Lofoten
Wednesday, June 18, 2008
Tilbygg og grønt gras
Tuesday, March 18, 2008
Tur på Koppefjellet
Tuesday, February 12, 2008
Subscribe to:
Posts (Atom)